|
  Det er ikkje lett å skrive ein artikkel om Røyland Gård. Ein oase, øvst i Birkenes kommune. Langt frå allfarveg. Langt frå blinkande trafikkljos, blankpolerte stresskoffertar og travle kjøpesenter. Sjølv den avlidne Mikkjel Fønhus ville hatt problem med den skildringa. Røyland Gård må opplevast. Inntrykka, stemninga, luktene og atmosfæren må få sige inn i lekamen på ein heilt spesiell og særeigen måte. Folk roper ikkje til kvarandre på Røyland. Dei kviskrar. Sjølv i hundegarden, der tispa og dei sju kvelpane held til, er det roleg, avslappa og nærast lydlaust. Kvelpane, på Røyland Gård, dei kviskrar til kvarandre. På ein fjellknaus, midtvegs mellom badstoga og tårnet, stend den vidgjetne saxofonisten Tore Ljøkel frå Molde. Han sender rolege, klåre toner ut øve garden. Ut øve furuskogen, grasvollen og ned på hi sida av bygdevegen. Tore he ei tåre i den eine augekroken. Han he spelt i nær 20 ulike katedralar, verda rundt. Ingen stad fær tonane ein slik klang- og eit slikt ekko som her oppe på Røyland Gård. Skaparverket er mangfaldig- men kan hende ikkje tilfeldig. Her er i alle fall eit fenomen som ikkje så lett let seg forklåre. Ikkje utan ei tåre- eller to. På saxofonen.  Vertskapet, Frank og Marit Sagstuen hadde båe ein felles drøym om å kjøpe seg ein gard. Nygifte- og fulle av både kjærleik pågangsmot. Båe er dei fødd og oppvakse i meir urbane strok. Frank kjem frå Vågsbygd medan Marit trødde sine bornesko på dei vide slettene kring Dønnestad. Me er 30 år attende i tida, og garden såg sjølvsagt heilt annleis ut enn han gjer i dag. Eit møysommeleg arbeid. Stein på stein - og hus for hus. I dag stend garden fram som eit mønsterbruk. Umåteleg velstelt og høgste kvalitet i alle ledd. Dei menneskelege kvalitetane er kanskje dei aller viktigaste. Marit og Frank veit korleis dei skal ynskje gjestane velkomne til gards. Du føler deg velkomen frå fyrste stund. Dei tek vare på deg – og på kvar einskild. På låven kan dei dekke bordsete til 90 personar. Heimelaga, kortreist mat. Gourmetmat frå den aller øvste hylla. I tårnet kan du sitje i sofakroken, halde tett rundt kjærasten og sjå ut øve fleire kyrkjesokn medan du ventar på ein sju-rettars middag med tilhøyrande raudvin og akevitt, i fyrste høgda. På kalde vinterkveldar ryk det ofte frå badstoga på hi sida av tunet, og når brure-suitta vert klargjort då veit ein at det er gjestebod i vente.  Eit opphald på Røyland Gård skil seg mykje ut frå eit tradisjonelt hotellopphald. Samanlikna med dette så tilhøyrer Caledonien Hotell, Ernst Hotell og den tilhøyrande lobby-baren, ein heilt annan klode. Ei anna tid. Kurs, konferansar, firmasamlingar og jolebord fær ein heilt annan dimensjon etter ei helg her oppe blant geiter, høns, hundar, katter, Frank og Marit. Fleir og fleir he oppdaga denne staden. Annonsering og ekstern marknadsføring er ikkje naudsynt. Nøgde gjestar er deira gode ambassadørar, og den eine helga etter den andre fyllast opp. Ei helg, kvar månad, tek familien i mot 8-10 ungar på vegne av barnevernet kringom på Sørlandet. Ei helg der ungane fær oppleve - og kjenne naturen på ein heilt spesiell måte. Nær kontakt med dyr. I skogen hentar dei sopp og tyteber. Ikkje sjeldan ljomar harelosen i lia, på oppsida av garden. Frank tek ofte ungane med på harejakt. Samspelet mellom naturen, dyra og menneska er ein udiskutabel terapi for både lekam og sjel. Frank veit kva han talar om. Lekamen he stundom skranta, men livet på Røyland Gård, i hop med Marit, ungane, bikkjene og geitebukken gjev han stadig nye krefter og nytt mot. Indremedisin på knallblå resept. Det er sengeplass til 25 personar på garden. I minste laget. I høve til etterspurnaden burde dette talet vorte dobla. Frank er eit grann i tvil kva han skal gjere med den bolken. Kva neste generasjon tenkjer- og meiner er nok avgjerande. Vil ungdomen halde fram med drifta på Røyland - eller he dei andre planar. Det lyt tida, ungdomen og dei komande åra avgjere. Sjukdomen, blodpumpa som svikta, he lært Frank mykje om livet. Livet er kort og han veit å setje pris på kvardagen . På kvar dag. Familien og garden betyr alt. Kjærleiken til kona- og borna betyr alt. Familien Sagstuen he synt for all verda at det som i utgangspunktet tykkjest vere heilt umogeleg - i røynda er fullt mogleg å gjennomføre.  I ei brosjyre me fann, på låven, på Røyland Gård - skriv Grete Andersen slik i eit dikt:  Kom og opplev et måltid i Røylands Ro som er en fryd for øyet og med en smak så go´ som pirrer din gane og roer din sjel som sitter i minnet som en sjelden juvel.  Med lokale råvarer, så det er sagt, i god tradisjon- men i moderne drakt En enkel middag, eller seks retter - det kommer an på hvor du lista setter.
Last ned avisartikkelen side1-2 og side3 |